Logo
Til DNT.no forside
fra ny stueåpning på bjørnholia

Historien til Bjørnhollia

Sjølv om Bjørnhollia er ei av Den Norske Turistforening sine yngste hytter, har denne delen av austre Rondane hatt vitjing av fotturister gjennom heile soga åt Turistforeninga. Ja, allereie åtte år før foreninga vart stifta vandra Aasmund Olavson Vinje gjennom dalen til Folldal og Hjerkinn. Det var på same turen at han fekk inspirasjon til å skrive "Ved Rondane".

Publisert: 09. august 2023
Artikkel

Men Bjørnhollia og fjellet omkring har vore brukt fram gjennom tidene av bygdefolk, lenge før busetninga ved Atnsjøen og i Atndalen, som begynte rundt 1750. Det var gudbrandsdøler som trekte austover til dei stroka der det ikkje budde folk fast, og tok i bruk fiskevatn og hamningar. Og alt i steinalderen var fjellet brukt til livberging, i dei rike villreintrekka omkring her.

Etablering av sætra

Dei karakteristiske terasseformene som utgjer det opprinnelege området til Bjørnhollia, gjorde nok plasseringa av sætra nokså enkel. I 1714 fekk tre garder (Loftsgård, Øvre Dale og Øvre Veggem i Sel) løyve til å ta opp seter "udi Hollet i Musvoldalen". Det neste som er nemnt i skrift er at foged Lyng i 1801 seier om desse sætrane "...hvilket Brug Sels Almue fremdeles forbeholder seg ubehindret". Etter skiftande bruk og eigedomstilhøve, vart det i 1873 bygd sæterstugu og stort fjøs av Iver Wålen, som var tømmermerkar og kom frå Gausdal. Om ein ser på den nye delen av steinmuren som er nærast det nye sovehuset, er det ein stein med innskrifta IW 1873, og denne er frå muren i det gamle fjøset som vart rive i 1981.

Alt frå dei fyrste åra var det turister innom Bjørnhollia, og etterkvart kom det igang organisert overnatting nede i dalen på Nesset og i Strømbu. Vidare selde Pål Stakston agenturforretninga si i Oslo og flytta med budeie og geitebudskap til Musvoldsæter, der den fyrste fjellstugu i desse traktene etterkvart voks fram.

Turismen øker

Omkring nittenhundre kjøpe Stakston også Bjørnhollia, og i 1922 leigde bureisarane Hanna og Johannes Øyen frå Atndalen sætra. Johannes brukte fjellet til rupefangst om vinteren, når Hanna stelte dyr og ungar nede i dalen. Slik vart denne staden den viktigaste grunnen til at det var livberging for ein etterkvart stor familie på den vesle fjellgarden. Og talet på turistar auka. Likeeins hadde folka på Gamalsætra på den andre sida av Myllinga så smått byrja å ta i mot gjester, og utover i trettiåra var det tre sæterkvarter/fjellstuguer i drift innan ein halvtimes gange. Av desse var Bjørnhollia den klart minste, og etter at Den Norske Turistforening hadde kjøpt staden i 1941, starta foreninga med utbygging like etter krigen var slutt i 1945. Alt i 1942 hadde arkitektene Henrik Nissen og Gunnar Brynning tegna eit utkast til eit anlegg med to nye hus med i alt 24 senger. Desse planene vart ikkje realisert, men Nissen brukte ideane i dei nye utkasta, men la på det dobbelte i kapasitet.

Vinteren 45/46 vart tømmeret hogd, sammankøyrt og "baka" på ei sag neda for Musvoldsæter, og i den snørike vinteren 46/47 vart dei grove og lange stokkane køyrt til Bjørnhollia og lagt i lunner. Alt transport vart sjølvsagt gjort med hest, og det var Johannes Øyen med søner og slektninger som sto for den delen av arbeidet

Lafting av hovedbygningen 

Tidleg på våren 1947 begynte Georg Lien og fem andre frå Sollia, det store arbeidet med å lafte hovedbygninga. Teknikken med å hogge og høvle tømmeret ovalt er svært arbeidssamt, og er ein måte som er mest kjent i Telemark og Setesdal. Likevel klarte laget å få huset under tak til hausten.

Til St. Hans 1948 var hytta klar til innviing, og ei heilt ny tid starta på sætra under Veslesvulten. Ein kjerreveg ned til Atnsjøen vart bygd, og dette var ei stor lette mot å kløvje frå Gammelgarden. Heilt i orden var ikkje anlegget før i 1952, men da var det i tillegg til hovedbygninga oppsett eit losjihus, ei betjeningsfløy, og ein vinkel på det same huset med to dusjer og badstugu. 48 senger og matplass til 40 sto klar til å ta imot den aukande straumen av folk som ville til fjells. Framleis var det Hanna og Johannes som sto for drifta, og sæterstellet heldt fram som før i det gamle fjøset.

Veien kommer på plass

I 1959 tok Jenny og Hans Øyen over drifta av hytta, som ikkje hadde endra seg vesentleg etter utbygginga i førtiåra. Men i 1966 vart det bygd traktorveg frå Gammelgarden, noko som fekk svært mykje å si for drivemåten. Ikkje berre vart det lettare og snøggare å få opp varer, men det verka også inn på kva slags matvarer som kunne serverast. Det alltid tilstadeverande pølsespannet i kjellaren vart fort erstatta av tilgjengelige frysevarer nede i dalen, og veden som før hadde vore hogd og framkøyrt frå liene omkring hytta, vart nå ferdig produsert nede i dalen. Dette var ein stor fordel arbeidsmessig, fordi ein nå kunne høgge og kappe denne veden på tider av året da det ellers ikkje var så travelt.

Stor økning i antall gjester

Omlag på denne tida var det at overnattingstalet begynte å auke sterkare, slik at da syttiåra kom, var hytta bortimot sprengt. Frå 1972 har Storm Øyen hatt ansvaret, og frå 1985 saman med Hilde Fridtun Øyen. Storm si syster, Mille Nørstenget, har vore fast kokke sidan sist på sekstitalet. På slutten av syttiåra kom dieselaggregata til hyttene, noko vertskapet på dei fleste hyttene kanskje hadde venta lenge på. Her på Bjørnhollia vart aggregatet montert i juni 1979, og nokre arbeidsbesparande maskiner installert. På den same tida begynte den fyrste planlegginga av utbygging, og hausten 1980 hadde styreutvalget møte på Bjørnhollia der ein del liner vert oppdregne. Utover vinteren vart det klart kor stor hytta skulle bli, og eit todelt prosjekt vart tegna og beregna. I mai 1981 vart det gamle fjøset rive, og eit nytt vart reist. På den gamle fjøstomta kom det nye sovehuset opp, og nye doer vart bygd i forlenginga av aggregathuset. Påska 1982 vart sovehuset teke i bruk, og om sommaren gjekk entreprenørfirmaet Grønvold i gang med utvidinga av hovedbygninga. Etter ymse ominnreidninger på kjøkenet og i den gamle matsalen, vart anlegget teke i bruk slik det stort sett er nå til sommarsesongen 1983. Frå den tid har talet på overnattingar auka frå fire tusen til ein førebels topp i 1989 på åtte tusen.

Sommaren 1992 vart den "andre generasjonen" med dieselaggregat montert, og denne gongen er det teke større omsyn til miljøet. Mindre støy er ein verknad, men den største endringa ligg i at i tillegg til større effekt i elektrisitet, blir det teke ut like mykje energi i form av varmt vann.

I 1999 bestemte Hilde og Storm Øyen seg for å slutte som bestyrare, og for fyrste gong sidan DNT kjøpte Bjørnhollia, vart det andre bestyrare enn familien Øyen frå Atnadalen.

Nye bestyrarar vart Beate Øygarden og Svein Aaseng frå Heidal i Gudbrandsdalen. Dei slutta som bestyrare på DNT-hytta Liomseter i Gausdal Vestfjell, og tok med seg sonene Sigurd og Storm og tok over drifta av Bjørnhollia påsken 2000.

Fortsatt en unik atmosfære

Gjennom heile denne utviklinga har staden, etter mange si meining, makta å halde på harmonien og det meste av idyllen. Namnet Bjørnhollia er ei forvansking av det opprinnelege, som var Bjøynnollie. Bjørnen var altså ikkje i holet, men i ura (ol = ur). Denne forma blir enno brukt lokalt.

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli frivillig
Bli frivillig
Bli medlem
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Bli medlem