Førerapport frå Bjørnhollia 25.03.19

Vinteren har lete vente på seg, men har no meldt sin ankomst aust i Rondane.

No nærmar det seg sesongopning 5. april, og her kjem ei fersk føremelding. Vinteren har latt vente på seg aust i Rondane, men pr dags dato er det bra skiføre i Langlupdalen, Illmanndalen og over Atnsjøen. 

Vi skal halde alle fjellvandrarar oppdaterte via heimesida og vår facebookside om vær og føre. Inne på Bjørnhollia skal vi gjera vårt beste for at opphaldet skal bli triveleg.

God tur!