Turtips

Med Bjørnhollia som utgangspunkt kan du gå en rekke fine dagsturer i området - alt fra enkle, barnevennlige turer til krevende toppturer. I tillegg er hytta både et naturlig startsted og overnattingssted på en rundtur gjennom området. Her er noen av våre anbefalte turer. Du finner flere turforslag på UT.no

Rondane.
Rondane. Foto: HIlde Løken Magnussen

Tur til Skjerdalen (Villmanndalen)

Skjerdalen er eit av mange juv som vart til då isen i innlandet smelta for 10- 14 000 år sidan. Dette er ein interresant og morosam tur, gjennom eit trongt gjel med frodig vegetasjon. Her kan du blomster som du ikkje finn andre stadar i fjellet. Turen tek tre timar fram og attende, og passar alle aldre.  

Meire info og kart finn du på ut.no

Musvoldseter
Musvoldseter Foto: Marius Tyr Stene

Tur til Musvoldsæter  - Ein trivleg eftastur

Ein lett kosleg tur etter den gamle kjerrevegen som går ned til Atnsjøen. Musvollsæter var den fyrste verkelege turisthytta i Aust- Rondane. Musvoldsæter blir i dag leigd ut på åremål. Turen er om lag to og ein halv kilometer.
Meire info og kart finn fu på UT.no

Foto: Marius Tyr Stene

Tur til Musvoldkampen

Dette er ein topp som gjev deg godt utsyn til Nord- Atndalen og sørover til Atnsjøen. Frå her har du flott utsyn til både Høgronden og Rondeslottet. Turen tek ca. ein time opp, og ein halv time ned att. Det ligg bok til å skrive seg inn i på toppen.  

Meire info og kart finn du på ut.no

Fra langglupdalen mot Rondeslottet. Foto: Fotograf Bård Bårdsløkken
Fra langglupdalen mot Rondeslottet. Foto: Fotograf Bård Bårdsløkken

Tur til Rondeslottet

Rondanes høgaste topp. Ca fem timar opp, og fire timar ned. Verdt eit besøk! For nærare opplysningar, spør i resepsjonen, eller 

gå inn på ut.no for kart og info

Foto: Svein Aaseng

Tur til Høgronden

Eit av dei fyrste turmåla i Rondane. Allereie i 1880 åra var trafikken så stor der at Turistforeningen sette opp ei steinbu nær toppen, for å ha noko å søkje ly i. Steinbua står der framleis. Truleg den toppen i Rondane med vidast utsyn.

Meire informasjon og kart finn du på ut.no