Overnatting

Viktig melding sommarsesongen 2020

Vi er sååå glade for å få lov til å opne dørene 19.juni!

Med retningslinjer frå FHI har alle DNTs hytter fokus på smittevern og legg til rette for å halde avstand på hyttene sine. Vi får ikkje fylle hyttene på vanleg måte, og hugs at i år må alle bestille på førehand på epost til oss:

bjornhollia@turistforeningen.no

I sommar gler vi oss ekstra mykje til å ta imot alle fjellfolk!


I 2020 gjelder altså ikke retningslinjene vi alltid har hatt:

På DNTs hytter er det alltid plass, og du er ikkje nøydt til å reservere plass før du kjem. Skal du vera på same hytta i to døgn eller meir, kan du bestille direkte til hytta, og du er sikra å ha same rommet heile opphaldet.  Elles er det berre å kome, på DNTs hytter får alle plass, sjølv om det kanskje ikkje blir tosengrom kvar natt...

Vakkert på Bjørnhollia.
Vakkert på Bjørnhollia.